Den portugisiske restaurasjonskrigen

Den portugisiske restaurasjonskrigen

Kroninga av Johan IV av Portugal
Dato 1. desember 1640-13. februar 1668
Stad  Portugal
Castile
Resultat Freden i Lisboa
Partar
Portugal under huset Braganza
Støtta av:
Kongeriket England
(etter 1661)
Kongeriket Spania
Portugal under Huset Habsburg
Kommandantar
Johan IV av Portugal
Alfons VI av Portugal
Peter II av Portugal
Markisen av Marialva
Greven av Vila Flor
Greven av Mértola
Greven av Alegrete
Filip III av Portugal
Marquis av Carpio
John av Austerrike
Hertigen av Osuna
Markien av Caracena

Den portugisiske restaurasjonskrigen (portugisisk Guerra da Restauração) viser til krigen mellom Portugal og Spania på 1600-talet som byrja med den portugisiske revolusjonen i 1640 og enda med freden i Lisboa i 1668. Han enda den 60 år lange iberiske unionen der Spania under Habsburgane hadde herska over Portugal, og etablerte huset Braganza som portugisisk kongehus.[2][3] Åra 1640-1668 såg meir og mindre alvorlege konfliktar mellom dei to landa, ofte i samband med andre konfliktar som trettiårskrigen, den fransk-spanske krigen og krigen mellom Portugal og Nederlanda. Krigen har vore kjend som «restaurasjonskrigen» sidan det nasjonalromantiske 1800-talet.

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Restaurasjonskrigen starta 1. desember 1640 då ei gruppe konspiratørar storma slottet i Lisboa og avsette den portugisiske visedronninga Margareta av Savoy. I ein kjend episode forsøkte ho å roa folk som demonstrerte på hovudplassen i byen, Terreiro do Paço, utan å lukkast. Den leiande adelsmannen i Portugal, hertugen av Bragança, aksepterte krona og blei utnemnd til kong Johan IV av Portugal seinare same dag. Heile regjeringstida hans var prega av kampen for å halda på portugisisk sjølvstende. Etter at kongen døydde i 1656 tok dronninga Luisa de Guzmán over som regent.

I 1641 blei ein motrevolusjon starta av Den portugisiske inkvisisjonen slått ned under Francisco de Lucena, som avretta leiarane. Også Miguel Luís de Menezes, 2. hertug av Caminha, blei avretta for å fortsetta å støtta dei spanske habsburgarane sitt krav på den portugisiske krona. Portugal inngjekk alliansar med Frankrike (1. juni) og Sverige (august). Portugal gjorde også ein våpenkvileavtale med Nederlanda, men denne blei berre viktig for den europeiske delen av landa - i kolonirika deira fortsette kampar.

26. mai 1644 blei slaget ved Montijo utkjempa mellom spanske og portugisiske styrkar nær Badajoz. Portugisarane gjekk sigrande ut, men spanjolane hevda dei hadde hatt strategisk suksess. Dette året stod den portugisiske byen Elvas stod imot ei ni dagar lang spansk omleiring.

14. januar 1659 vann portugisiske styrkar leia av markien av Marialva, António Luís de Meneses, og Sancho Manoel de Vilhena ein avjgerande siger og spanjolane. Etter ein fredsavtale mellom Spania og Frankrika 7. november 1659 hadde Spania fleire styrkar å senda tl Portugal. Dei omleira Elva att, men blei drivne vekk av António Luís de Meneses.

I 1660 fekk Portugal støtte frå Karl II av England, som var i ferd med å inngå ekteskap med Katarina av Braganza. Portugisarane fekk høve til å skaffa soldatar, hestar og skip frå Dei britiske øyane. Dei to landa auka også handelen seg imellom, særleg av vin blanda med konjakk for å tola overfarten til England - portvin. Engelsk påtrykk gjorde også at Portugal og Nederlanda inngjekk ein global avtale der nederlendarane godtok portugisisk herredøme over Brasil.

I 1662, kort tid etter at han blei myndig, tok kong Alfonso VI av Portugal all makt frå mora si og fekk henne send i kloster. Rådgjevaren hans Luís de Vasconcelos e Sousa, 3. hertug av Castelo Melhor hadde overtydd Alfonso om at ho var ute etter å ta trona frå han. I staden fekk hertugen av Castelo Melhor ei framtredande stilling, og oversåg siste delen av restaurasjonskrigen. Kong Alfonso og rådgjevaren hans blei seinare avsett av den yngre broren til kongen, Pedro II av Portugal.

Slaget ved Ameixial fann stad 8. juni 1663. Spanske styrkar hadde teke kontroll over store delar av sørleg Portugal, og fekk no kontroll over byen Évora. Nokre veker seinare blei byen teken tilbake av Sancho Manoel de Vilhena og greven av Mértola. Etter fleire portugisiske sigrar i 1664 og -65, som det viktige slaget ved Montes Claros, tok kamphandlingane slutt, sjølv om ingen fredsavtale blei underskriven før det var gått tre år. Lisboa-traktaten blei underskriven i 1668 og enda 28 år med krig. Den spanske regenten Mariana av Austerrike godtok endeleg legitimiteten til den portugisiske monarken. Portugal heldt på alle koloniane sine, bortsett frå den nordafrikanske kolonien Ceuta, som ikkje hadde godteke Bragança-dynastiet under krigen.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Birmingham, p.51
  2. Encyclopædia Britannica. «John IV (king of Portugal)». http://www.britannica.com/EBchecked/topic/304794/John-IV. «king of Portugal from 1640 as a result of the national revolution, or restoration, which ended 60 years of Spanish rule.» 
  3. Geoffrey Parker The army of Flanders and the Spanish road, London, 1972 ISBN 0-521-08462-8, p. 35
  4. Glenn Joseph Ames, Renascent empire?: the House of Braganza and the quest for stability in Portuguese monsoon Asia c.1640-1683, page 24

Dieser Artikel basiert auf dem Artikel Den portugisiske restaurasjonskrigen aus der freien Enzyklopädie Wikipedia und steht unter der Doppellizenz GNU-Lizenz für freie Dokumentation und Creative Commons CC-BY-SA 3.0 Unported (Kurzfassung). In der Wikipedia ist eine Liste der Autoren verfügbar.